Vakttelefon bilbil

970 53 025

Historikk

Brødrene Jens og Leif Sygna etablerte Sygna Transport i 1975. Dei hadde då tippbil, kranbil, langtransportbil og eit spesialvogntog for transport av bilar. Behovet for biltransport var aukande, så denne bilen blei bytta etter ca 1 år, og det blei kjøpt ytterlegare 2 bilar.

Markedet svinga ein del, og arbeidsmengda deretter. Frå slutten av 80-talet og fram til 1996, var det 2 ”bilbilar” i drift. I dag har vi 3 slike, og vi fraktar bilar rundt heile Sør-Noreg i samarbeid med andre aktørar i markedet.

Frå oppstarten vart dei andre bilane bl.a. nytta i arbeid for vegvesenet og til henting og utlevering av kraftfor på gardane i distriktet. Det blei og henta utallige lass med høy og halm frå bl.a. Sverige til Sogn og Fjordane.

I dag disponerer vi 3 biltransportere, 13 distribusjonsbiler og ein krokbil.