Sygna Transport AS har 25 tilsette, og driv primært med distribusjon av stykkgods og biltransport. Vi har eigne lokale i Sandevegen 259, Sande i Sunnfjord.
Vi har faste ruter med biltransport frå Sogn og Fjordane til Østlandet og tilbake. I lag med våre samarbeidspartnerar kan vi hente og levere bilar i store delar av landet.
Historikk
Brødrene Jens og Leif Sygna etablerte Sygna Transport i 1975.
Dei hadde då tippbil, kranbil, langtransportbil og eit spesialvogntog for transport av bilar. Behovet for biltransport var aukande, så denne bilen blei bytta etter ca 1 år, og det blei kjøpt ytterlegare 2 bilar